Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Kvasshovden Opp har spadd seg til topps
– Løypemannskapet har gjort ein kjempejobb, rydda sti, laga klopp/bru og ikkje minst spadd veg i snøen til topps, forteller Asbjørn Børsheim til Langrenn.com foran Kvasshovden Opp 2015.
Laurdag 18. juli 2015 arrangerar Ulvik Idrottslag motbakkeløpet KVASSHOVDEN OPP for 8. gong.
I år er løpet og eitt av 6 løp i Ultrahardingen 2015.
Kvart år har det i gjennomsnitt vore nesten 500 deltakarar – over 300 i mosjonsklassane .
Dette er eit stort folkehelsetiltak for å få folk ut i naturen. Du kan lesa 10 Olav H Hauge dikt på vegen opp som gjer deg ro i sjela!
Uvanleg store snømengder har skapt store utfordringar. Løypemannskapet har gjort ein kjempejobb –rydda sti, laga klopp/bru og ikkje minst spadd veg i snøen til topps.
Frå ca 800 moh vil løypa variera mellom snødekke og berr bakke – på toppen er det snøfritt.
Frå 900 moh er løypa i år lagt på framsida av Kvasshovden pga snøen, men er om lag like lang som tidlegare.
Kvasshovden opp i år vert ei spesiell oppleving du må få med deg.
Motbakkeløpet Kvasshovden opp er 7,5 km langt og stig frå 10 til 1030 m.o.h.
Løpet har vanlege konkurranseklassar, der det er påbode med 2,5 kg ryggsekk.
Konkurranseklassane startar 11.30 på Brakanes. Påmeldingsfrist er onsdag 15. juli innan kl 24.00.
I tillegg til vanleg premiering er det pengepremiar til dei tre beste i både menn og kvinner.
1. premie er 5000 kr frå BKK til beste mann og kvinne, 2. plass kr 3000, 3. plass kr 2000.
Nokon av dei beste motbakkespesialistane i Noreg stiller til start.
Rekordhaldarane Øyvind Heiberg Sundby og Kirsten M. Melkevik stiller til start.
I tillegg til lokale løparar som Kristen Skjeldal og Hilde Fenne.
I år kan dei setja ny rekord i den nye traseen. I mosjonsklassen er det inga nedre aldersgrense og inga tidtaking.
Mosjonsklassen kan starta frå kl 0730 og registrerar seg på kongressen på Brakanes hotel innan kl 11.00.
Ein får høve til å vere publikum når konkurranseklassane kjem opp mot mål, der Dag Lindebjerg er speaker.
Det vert live-sending frå toppen til storskjerm i kongressen Brakanes Hotel.
Premieutdeling vert i Kongressen på Brakanes Hotel kl 16.30.
I tillegg til vanleg premiering har me mange premiar trekt på startnummer . Hovudpremie er ein sykkel.
For påmelding og meir informasjon sjå: www.kvasshovdenopp.no
Kom til topps i Ulvik laurdag 18. juli 2015!
* Hjemmeside for Kvasshovden Opp
* Tidligere resultater, bilder, vær og omtaler fra Kvasshovden Opp
* Alle sesongens motbakkeløp
▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒. ▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ø▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒. ▒▒▒▒.
▒ å▒ ▒▒ ▒ø▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒ ▒ø▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒.
▒▒▒▒▒ å▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ – ▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ .
▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ å ▒å ▒▒▒▒ ▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒. ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒!
▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒ø▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒. ▒ø▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ –▒▒▒▒▒ ▒▒▒, ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒/▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒ ▒▒ø▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒.
▒▒å ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒ø▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒&
Mest lest
Det digitale hjemmet for utøvere og fans
Bli medlem og bli en del av ski-fellesskapet